I bygda Kinsarvik, under bratte fjellsider, like ved fjorden i Hardanger – der ligg Mikkelparken. Ein familiepark som er akkurat passeleg stor, og liten nok til å vere oversiktleg og koseleg.
Mikkelparken Ferietun er dessverre heilt fullbooka i alle hytter, leilegheiter og luksustelt for juli månad og starten av august. Campingplassane våre er kun ledig enkeltnetter mesteparten av juli. Dersom du ikkje får opp treff på overnatting, betyr det at det er fullt hjå oss. Me har ingen venteliste på overnatting eller billettar. Dersom me får inn avbestillingar, vil dette leggast ut for booking på nettsida vår. Nettsida vår er alltid oppdatert! Me anbefalar deg å sjekke ut alternative overnattingsplassar for opphaldet ditt i Kinsarvik og omegn.
Stig på, ta plass! Mikkeltoget tar deg med på ein liten rundtur i Mikkelparken.
Mikkelparkens eige badeland og Mikkelines favorittplass! Her kan heile familien kose seg med bading, svømming og plasking. Vatnet er oppvarma til 30 grader, både i badebassenga og i spruteanlegget Plaskefryd.
Kven si kule kjem fyrst ned kulebanen?
Minientreprenørane treng ikkje gå langt, rett innanfor inngangspartiet finn du elektriske gravemaskiner som utfordrar motorikken.
Mikkel og venene hans inviterer til dans, musikk og moro, samt fleire møter gjennom dagane i Mikkelparken. Les meir om vårt underhaldningsprogram her!
Like ved Mikkelparken finn du Mikkelparken Ferietun, eit koselig ferietun i idylliske omgivnadar med familievenlege overnattingstilbod og camping. Her er det basseng, leikeplass og minigolf -og sjølvsagt kort veg til Mikkelparken!
I Kinsarvik og nærområdet finns det fleire overnattingsmoglegheiter.