Tropefryd er Mikkel sitt eige badeland med tropevarmt vatn, tre basseng, spruteanlegg og vass-sklier. Her kan du bade og leike med vatn i all slags vær!
I Mikkel si jungelløypa kan heile familien utfordra balansen når dei tar seg gjennom den utfordrande hinderløypa i skogen.
La føtene kvile litt medan du høyrer ein spanande historie frå Mikkelverda. Toget tar deg med på ein liten runde i Mikkelparken.
Køyr om kapp med sidemannen og test finmotorikken. I Mikkelparken har me både både radiostyrte bilar og båtar!
Minientreprenørane treng ikkje gå langt, rett innanfor inngangspartiet finn du elektriske gravemaskiner som utfordrar motorikken.
Kor god er du på å leite og finne vegen? I labyrinten er det om å gjere å finne vegen utan å gå seg vill. Undervegs kan du more deg med artige speglar, og prøve å halde styr på kva du ser langs vegen...
Kappkøyr med bestemor eller skli ned saman med ein venn! Uansett om du sklir baklengs eller får snurrefart, vil det kribla i både små og store magar!
I Mikkelparken kan heile familien kan utfordre seg med minigolf, fotball, morellsteinspytting, sjakk og mykje meir moro rundt omkring i heile parken! Ved Bondegården og Fruktterrassen kan du bryne deg på 4 på rad, hugsespel og andre spel med frukt og dyretema.
Sjekk spretten din og finslip triksene på dei ulike trampolinene og hoppeputene i parken. Her har me noko som passar for alle aldrar, både store hoppeputer og tradisjonelle trampoliner.
Mikkelparken har alt frå tradisjonelle klatrestativ med sklier, til Klyvsnuten klatretopp og vårt 8 meter høge klatretårn som virkelig får sommarfuglane i magen til å gå amok!
Sitt ute i hyggelige omgivnader, nær Tropefryd. Solkroa er for deg som vil ha moglegheit til å smake forskjellige ting. Her vert det servert grilltallerken med klassikarar som hamburger, pølser, kylling, salat med meir. Nyt måltidet på Solkroa sin terrasse, eller ta med deg maten til eit av sitteområda våre i parken.
Behov for å lade batteriene? Eller har svolten meldt seg og du treng litt påfyll? I Skoskogen kafé kan du finne noko smått og stort, enten det er ein liten oppkvikkande kanelbolle eller eit herremåltid for heile familien. Favoritten vår er pizza, men her finn du også dagens suppe, wraps og baguettar, og nysteikte bollar. Unn deg gjerne ein kaffi med noko søtt attåt medan ungane leikar.
Ein dag vart det funne fleire sko oppe i skogen i Kinsarvik, men det rare var at det kun var ein sko av kvar. Til stor frustrasjon for mange, hadde det i fleire år vore ein tam rev som stal sko frå både turistar og fastbuande i Kinsarvik. Ingen visste kvar det vart av desse skoa. Då det viste seg at skoa låg gøymd i skogen i familieparken, vart historia om Mikkel og venene til.