Opening hours and ticket prices

Choose ticket type

Billettinformasjon

Forhåndskjøp billett på nett!

På grunn av covid-19 og begrensa kapasitet i Mikkelparken, må alle booke sin billett her på nettsida før ankomst. Det er ikkje mogleg å kjøpe billett i inngangen til Mikkelparken.

Grupperabatt

Grupper på 20 personar eller meir, kan få ein grupperabatt på 25 kr per billett. Ved kjøp av gruppebillettar, må ein henvende seg til oss på e-post: info@mikkelparken.no

Honnør

Me har eigne billettar for honnør. Du kan kjøpe honnørbillett dersom du er 67 år eller eldre, eller har eit honnørkort.

Gratisbillettar

I Mikkelparken kjem du inn gratis dersom du er under 2 år eller visst du har ledsagarbevis. Dersom du er 12 år eller yngre, og har bursdag på den dagen du skal besøke Mikkelparken, kjem du også gratis inn.
Dei som kjem gratis inn i Mikkelparken, treng ikkje å booke plass på forhånd.

Praktisk informasjon

Mat og drikke

I Mikkelparken har me to kaféar og fleire sjølvbetjente kioskar.

Solkroa har lunsjtallerken med ulike varmrettar bl.a hamburger, pommes frites, ribs, kylling og salat. Skoskogen har nysteikt pizza, salatbar, pølser, vafler, suppe, nysteikte bollar, is m.m.

Sjølvbetjent salgsvogn ved Krasjbåtane har is, brus, slush , kaffe o.l. Tropefryd har sjølvbetjent kiosk i bassengområdet med is, kaffe, brus, slush o.l.

Mikkelparken sel babymat og har mikrobølgeovn til oppvarming av vatn o.l.

Det er ikkje tillatt med alkohol i Mikkelparken.

Grilling

Mikkelparken har eigne grillar de kan nytte utanfor leikelandet Karibia . Det er ikkje tillat med eingongsgrill. Me følgjer Brannvesenet sine anbefalingar om grilling/grillforbod.

Rullestol

Det er mogleg å vere i rullestol i Mikkelparken, men det er enkelte gangstiar som har litt bratt helling. Det er handicaptoalett i Mikkelparken, ved Solkroa og leikelandet Skoskogen.

Barnevogn

Ein kan ta med seg eigne barnevogner inn i Mikkelparken. Me har ikkje barnevogn til utleige.

Hund/husdyr

Det er dessverre ikkje tillatt å ta med hund eller husdyr inn i Mikkelparken, men me har gratis hundeparkering utanfor parken. Der har me hundebur med lås som er plassert i ei lita treklynge som skuggar for sola. Du får utlevert hengelås i kassa i inngangsbygget, og må skriva opp namn og telefonnummer. Me har 8 hundebur og ein kan dessverre ikkje reservere plass i hundeparkeringa.

Førarhund

Det er tillatt med førarhund i Mikkelparken.

Toalett

Det er toalett ved Solkroa, Skoskogen, Tropefryd og Bilbanen. Det er óg handicaptoalett ved Solkroa og leikelandet Skoskogen.

Toalettartiklar

Mikkelparken sel bleier og badebleier. Bind og tampongar kan du kjøpe i resepsjonen på Mikkelparken Ferietun.

Skifterom og dusjing

Ved badelandet Tropefryd er det avlukke til å skifte i, i dei lilla byggene. Det er utandørs dusjar med oppvarma vatn. Dusjane er ved skifteromma og ved den store vassklia i Tropefryd.

Stellerom og amming

Det er stellebord på handicaptoalettet ved Solkroa og i leikelandet Skoskogen. Det er dessverre ikkje eigne ammerom i Mikkelparken, men ein står heilt fritt til å amme kvar ein vil. Det er mellom anna mjuke sofaer i leikelandet Skoskogen og Karibia.

Hittegods

Alle gjengløymte ting vert tatt vare på i ein kort periode. Har du gløymt noke i Mikkelparken, ta så fort som mogleg kontakt på e-post: info@mikkelparken.no med ei skildring av kva du har gløymt att og ca. kva område du trur du har mista det. Me sjekker i hittegodsavdelinga vår, og svarer deg tilbake så snart som mogleg. Etter ca. 3 veker vil klede og anna som ikkje har blitt etterlyste bli donert eller kasta.

Røykjing

Det er kun lov å røyke i Mikkelparken på anviste plassar, nedanfor Solkroa, bak huset ved krasjbåtane og nedanfor leikelandet Karibia.

Overnatt like ved Mikkelparken!

Overnatt like ved Mikkelparken!

Like ved Mikkelparken finn du Mikkelparken Ferietun, eit koselig ferietun i idylliske omgivnadar med familievenlege overnattingstilbod og camping. Her er det basseng, leikeplass og minigolf - og sjølvsagt kort veg til Mikkelparken!

Overnatting i nærleiken

Overnatting i nærleiken

Sjå kva andre overnattingstilbod som finns i Kinsarvik og nærområdet.

Ein trygg familiepark

Ein trygg familiepark

Les meir om våre smitteverntiltak under covid-19 og kva me gjer for å sikre trygge barndomsminner.

Tryggleik i Mikkelparken

Brann

Det er brannsløkkjingsutstyr i alle bygg i Mikkelparken.

Førstehjelp

Alle våre medarbeidarar har gjennomgått førstehjelpskurs. Dersom ein har behov for førstehjelp, tar ein kontakt med ein av våre medarbeidarar. Me har førstehjelpsskrin ved alle attraksjonar og i inngangsbygget og resepsjonen ved Mikkelparken Ferietun.

Hjartestartar

I Mikkelparken er det hjartestartar på veggen ved kassen i inngangsbygget. På Mikkelparken Ferietun er det hjartestartar på veggen i resepsjonen.

Nødutgongar

Visst det skulle bli nødvendig å evakuere Mikkelparken, er nødutgangane nedanfor Solkroa, ved dissestativet i nærleiken av andetrøbåtane og ved hovudinngangen til parken.

Sakna barn

Ta ein prat med borna før de besøker Mikkelparken om kva dei skal gjere visst de kjem bort i frå kvarandre. Det beste er at eit barn som ikkje finn foreldra, blir verande der dei er, framfor å begynne å leite etter foreldra, eller at de på førehand avtalar ein fast møteplass hvis de kjem bort i frå kvarandre. For dei minste barna er det lurt å skrive på armen e.l. navn og mobilnummer på ein føresatt, eventuelt bruke ID- armband.

Barna kan òg ta kontakt med personale i Mikkelparken. Dei skal vere lett synlege med grønn overdel med Mikkel-logo og svart/blå bukse. Finn me eit barn som har kome bort frå foreldra eller visst foreldre ikkje finn barnet sitt, har me faste prosedyrar for varsling og leiting

Sirkus Solbjørn - Solbjørn feirer bursdag

Sirkus Solbjørn - Solbjørn feirer bursdag

Sceneteltet
Kvar dag, kl. 12.00 og 16.30
Det er Solbjørn sin tur å feire bursdag og han har valgt sirkustema for selskapet sitt. Kom og sjå kva sirkusablegøyer Solbjørn har funne på saman med Mikkel og Mikkeline. Spenning, dansing og latter er garantert.
Tuttetid med Mikkeline

Tuttetid med Mikkeline

Sceneteltet
Kvar dag, kl. 13.30
Har du blitt for stor for tutten din? Då kan du kome til sceneteltet kl. 13.30 og gi tutten din til Mikkeline. Ho vert så glad for alle tuttane ho får!
Blinkskot med Mikkel og venene

Blinkskot med Mikkel og venene

Sceneteltet
Kvar dag, kl. 15.00
Solbjørn er så stolt av sirkusdrakta si og all den flotte sirkuspynten. Kom til sceneteltet og gratuler han med dagen og få eit blinkskot saman med Solbjørn, Mikkel og Mikkeline.

Møte med Mikkel og venene

Pga. covid-19 vil det ikkje vere mogleg med nærkontakt i form av klemmar og high five, men dei stiller alltid opp på bilete!

Premie for gullgraving

Gullgravarpremiane vert gitt i samarbeid med Hardanger Bestikk. Me har satt øvre aldersgrense for premie til 12 år og at ein berre kan få premie for gullgraving ein gong pr. billett. Kva ein får som premie kan variere, og det er ikkje alltid det samme i alle gaveøskjene. Sidan Hardanger Bestikk har slutta å produsere Mikkel-bestikk, vil det ikkje lenger vere Mikkel-bestikk som premie, men ein premie frå det øvrige sortimentet deira.

Badetemperatur

Alle basseng og spruteanlegget i Tropefryd har oppvarma vatn, ca 30 gradar.

Badereglar

Mikkelparken har eigne badevaktar med livredningskurs, men alle barn må likevel bade i lag med vaksne som kan symje.

Gjer deg kjent med kor kor djupt bassenget er. I Mikkelparken er djupda i bassenga 40 cm, 80 cm, 1,1 m og 1,2 m.

Ein må vere minimum 1 m og 30 cm høg for å kunne skli i den store vannsklia. Ikkje skli med hovudet først i vasskliene , og ikkje skli for tett.

Alle barn som brukar bleier må ha badebleier på seg når dei er i bassenget og i spruteanleggjet. Badebleier kan ein kjøpe i butikken i inngangsbygget.

Minigolf

Minigolfkøller og ballar kan de låne gratis på teikneterrassen.

Kart og kontakt

Mikkelparken
Hardangertun Hytter og
Familiepark

Kinsarvikvegen 64
5780 Kinsarvik
Norge
(Org nr 878 707 192)

Parkering

Mikkelparken har gratis parkering og parkeringsplass like utanfor parken. Dersom det ikkje er ledig på parkeringsplassen, kan du parkere ved Hardanger Bestikk, ca. 300 meter frå Mikkelparken.
Mikkelparken har handicap-parkering.

Lading av elbil

På parkeringsplassen utanfor Mikkelparken er det 8 ladeplassar for elbil, drifta av Fortum: CHAdeMO: 2 stk., CCS/Combo: 2 stk. og Type 2: 4 stk. På Esso-stasjonen i Kinsarvik sentrum er det 4 ladeplassar drifta av Grønn Kontakt: CHAdeMO: 1 stk., CCS: 1 stk. og Type 2: 2 stk.
Det er ikkje tilrettelagt for lading av elbil på Mikkelparken Ferietun.

Reise kollektivt

Reise med tog

Det går jamnleg tog frå Oslo/Bergen til Voss. Deretter kan du ta buss frå Voss til Kinsarvik.
Informasjon om togruter finn du på www.vy.no.

Reise med buss frå Hardanger og Voss

Buss frå Hardanger, Voss eller Odda vert utført av Skyss. Sjå deiran reiseplanleggar på www.skyss.no

Reise med buss frå Haugesund/Stavanger

Reiser du frå Stavanger/Haugesund, kan du ta buss til Odda. Der må du bytte til ny buss som vert utført av Skyss på strekninga Odda-Kinsarvik. For å sjekke bussruter frå Stavanger eller Haugesund til Odda, kan du besøke www.nor-way.no

Reise med hurtigbåt frå Norheimsund

I perioden 21.06 - 29.08 2021, går det hurtigbåt frå Norheimsund til Kinsarvik. Den har avgang frå Norheimsund kl. 09:00 og er framme i Kinsarvik kl. 10.33. Retur frå Kinsarvik kl. 15:00 og ankomst Norheimsund kl. 17:30. Billettar kan kjøpast på skyss.no.