Papegøyen har den livligaste fantasien av alle venene i Mikkelparken.
Han diktar og fortel historier, og skrøner så godt at han trur det sjølv. Han er ein skikkeleg ertekrok. Å herme etter dei andre, synes han er kjempekjekt. Han er litt forfengeleg og skrytete, og likar å bestemme, dessutan snakkar han som ein foss.
Papegøyen er glad i alt som har med musikk å gjere, og arbeider som DJ, DJ Papegøy. Når han ikkje er i Mikkelparken reiser han rundt i heile verda og finn steinar til Juvelbekken.